Meir julegreier. Litt ekstra fine julegåvelappar til dei gåvene eg har lyst skal vere ekstra fine å sjå på. Meir nye kort i kortgalleriet.
Arkiv for kategorien ‘Papirhobby’
27 Oct
Julekortproduksjon
Eg har latt kortutstyret mitt ligge framme ei vekes tid, i håp om å komme i gang med julekortproduksjonen. Det fungerte! Veldig kjekt å kunne sette seg ned og klippe og lime litt sånn innimellom. Då blir det mindre kreativt press enn om eg tok fram utstyret for ein kveld og bestemte meg for å [...]
27 Sep
Eit enkelt tips i haustmørket…
I desse lys- og peistenningstider treng vi alle fyrstikker. Vanlege fyrstikksøkjer er kjedelege, men kjøper du den mellomstore varianten og limar på eit utklipp frå ein motekatalog eller liknande, har du plutseleg ein dekorativ liten sak. Kvifor ikkje lage opp ein liten haug slik at du har ein liten “bonus” å legge ved ei venninnegåve?
20 Sep
Litt kortproduksjon
Her er noko av det eg produserte sist eg var på kortkveld med folk frå jobben. Det skal seiast at eg var særs produktiv til meg å vere, heile 6 kort blei laga i løpet av nokre kveldstimar. Og det innimellom eting og prating. Slett ikkje verst! Men så blei jo korta deretter. Nokså enkle [...]
8 Sep
Weddingsweddingsweddings
Det har vore lite kortlaging siste halvåret, men grunna mykje bryllaupsaktivitet fann eg fram papir og lim i sommar. Av prinsipp må eg jo lage korta sjølv. Kjøpekort er for pingler! Og om du lurer: JA, det er ein brun kaffiserviett eg har brukt på kortet over. Fleire nye og gamle kort i kortgalleriet.
By the [...]
23 Jul
Scrapbook LO i glas og ramme
Min søte nevø er eit ynda objekt for scrapbooking. Og når svigerinna mi tydelegvis set pris på albumsider der sønnen figurerer, så lagar eg gjerne nokre sider og gir vekk til jul og bursdag og sånn. Ved eit Ikeabesøk tidlegare i år kom eg over ei ramme som passa perfekt til ein 12×12″ LO, og [...]
20 May
Konfirmasjonskort
Det blir lite kortlaging for tida, men eg måtte jo sjølvsagt lage kort til konfirmantsøstra. Svart og rosa var fargane ho valde til bordpynten, så eg brukte desse på kortet også. Det blei jo eigentleg ganske stilig, om eg må få seie det sjølv.
14 May
Konfirmasjonsgåve
Forrige helg var det konfirmasjon i familien, og den eldste av mine to søstre var dagens midtpunkt. Eg trur både konfirmanten og foreldrene var nøgde med dagen, det såg iallefall ut som dei fleste hadde det kjekt. Som hobbyentusiast og god storesøster ønska eg å gje ho noko personleg denne dagen, og har det siste [...]
24 Mar
Blondekort
Det er bra aktivitet i kortgjengen på jobben for tida. Ikkje alltid eg har kunna vere med, men det er kjekt at skaparlysta blømer. Dette kortet er frå sist eg var med. Fekk masse inspirasjon, men endte likevel opp med å lage noko enkelt og veldig “Kristine”. Blonden er gammal og nyerverva. Eg er så [...]
3 Jan
Kort i hodet
Eg har visst laga ein del kort i løpet av 2008. Dette er dei eg har teke bilete av…Og når eg kikkar i boksen min med ferdiglaga kort ser det ut som eg har gitt frå meg temmeleg mange også, for det er eit heller labert utval som ligg att. Ergo må produksjonen takast opp [...]

Siste innspel