
Fjorårets julegåve-masseproduksjon…Uglehuene var kjekke og enkle å strikke, og sit bra på. Veslefrøkna i huset har fått ei også, og ber insisterande “uuhuuu! uhuuu!” om ho ser den og ikkje får ha den på…Ideen såg eg først hos Merete, og etter eit triveleg strikkebesøk med ein tidlegare kollega mota vi oss opp og printa ut mønsteret. Det var slett ikkje vanskeleg å få til, trass i engelsk mønster og null erfaring med flette-/kabelstrikk. Til mi forundring klarar eg ofte meir enn eg trur!





Vetle er svært godt nøgd med sitt blå eksemplar
Mora er fremdeles på stadiet der ho driv og kvinner seg opp til å prøve eit mønster ho ikkje veit om ho mestrar. Fletter virkar i overkant avansert.. Er vel ein viss fare for at det er lettare enn ein trur (som det meste anna innen strikking), så ein vakker dag skal ho nok våge seg ut på det