Overskrifta kunne vel kanskje tyde på at dette var eit strikkerelatert innlegg, men der lurte eg deg gitt! Her kjem nemleg to forklekjolar eg sydde i fjor, og dei kan like gjerne brukast på “retta” som på “vranga”. Kva som er “ut” og kva som er “inn” er ikkje lett å seie, eg synest i alle fall dei er like fine begge vegar. Det brune stoffet er tynn ull frå ein stor rull med ubrukt, eldre stoff eg kjøpte på Fretex for lang tid tilbake. Snakk om kupp! Begge kjolane er i god RePro stil, og har fått gjenbruksstoff på den andre sida.
Mønsteret er heimelaga i den forstand at eg har teikna av eit gamalt forkle som svigerinnene mine brukte då dei var små. Storleiken er ca 1-2 år vil eg tru. Eg har sett trykknappar på skuldrane i staden for å sy selane fast i kjolen, berrefordiatte eg har trykknappresse og diggar trykknappar. Det er jo ingen sak å dra kjolen over hovudet på barnet, men det er jo så kjekt med knappar!
No prøvar eg å finne ut om lille sola mi skal få den eine kjolen, og i så fall kva for ein…? Likar dei i grunnen godt begge to, men det finst jo grenser for kor mange kjolar ei lita frøken treng å ha hengande i skapet.







Ja,det er lurt å la stoff ligge til modning.Da blir det fine produkter som de fine kjolene du har laga.Flinke jenta.
eg likte den smålure overskrifta di kris…! og så må eg kome meg på besøk å få sjå trykkknappressa (guri, det kunne blitt trippel konsonant gongar to der, trykkknapppressa,kult ord) og prinsesse sol snart…
Så flink du er, min venn! Her hos meg blir det bare med tanken, men hos deg kommer ideene ut i praksis. Dykitg imponert;o)
Ha en flott tirsdagskveld.
Klem fra Solveig