Det er ikkje berre veslefrøkna i huset som har fått nytt i vintergarderoben, eg har endå til klart å strikke meg ei jakke! Trass i at eg likar best kjappe småprosjekt innsåg eg at det kunne vere kjekt å strikke noko til meg sjølv for ein gongs skuld. Og det tok ikkje så forferdeleg lang tid heller. Dobbel tråd drops alpakka og pinne nr 4 og 4,5 – vips så var jakka ferdig etter nokre lange haustkveldar i sofaen…Fornøgd vart eg også! Trur denne kjem til å bli mykje brukt, men akkurat no er den litt upraktisk fordi eg ofte har ei lita, langfingra jente i armane, og ho likar godt å stikke fingrane inn i “hola” og dra til…
Oppskrifta er frå garnstudio. Bjørnebærmønsteret i bærestykket ser litt proft ut syns eg, men det var i grunnen ganske enkelt å lære seg. Kjekt å utvide strikkerepertoaret!






Fremdeles imponert. Særs også.
pst. Held du inne magen(?), den er jo heilt flat. Helsing ho som har innsett at ho må trene for å bli kvitt “babymagen” som aldri forsvant heilt av seg sjølv. Men det får bli neste år
Babymagen lever i beste velgåande her også. Men ein har vel lov til å stramme seg opp litt når ein skal legge ut bilete av seg sjølv på nettet…?
So utruleg flott den var! Eg har heller ikkje tatt motet til meg å strikke ei jakke eller liknande til meg sjølv, men no trur eg kanskje eg skal revurdere det. Klem frå Signe
Takk! Det er berre å sette i gang, Signe!