Godklumpen vår er blitt eit halvt år. Crazy! Eg har verkeleg innsett at småbarnsforeldre som seier at “tida flyr” og at ein må “nyte det mens barna er små” har eit poeng…Så vi kosar oss så masse vi kan, og sjølv om ho ser litt forfjamsa ut på bileta (som blei tatt i farta då vi skulle ut døra), så trur eg ho har det ganske bra om dagen. Så lenge ho får den servicen ho ber om i alle fall
Jakka ho har på seg vart til då eg innsåg at ho trengte ei jakke og eg ikkje fann nokon eg likte i butikkane. Dessverre hadde eg ikkje eigna jakkemønster, så eg brukte eit stort skjortemønster og gjorde litt eigne justeringar. Det resulterte i litt trange armhol, og temmeleg lange armar…Men søt vart den! Og så lenge ho ikkje har for mykje tjukke klede under er den veldig grei å ha på. Ytterstoffet er i tynn, grå ull og på innsida er det kvit microfleece. Lang ribb nederst på armane.
Hua er strikka i alpakka etter eit mønster frå garnstudio. Den blei litt stor, så eg har tova den lett i vaskemaskina. No er den akkurat passe stor, tjukk og mjuk!






Wow, superfin!
Den jakka er berre så fin, og ikkje minst jenta då.
Kjempefin!! Og søt snuppe:-)
Fin jakke og fin jente!
Du e berre so flinke Kristine! Ej e imponert!
har snart gått rundt i to år med konstant plan om å sy ytterjakke til Selma. Kjem sikkert til å beholde denne planen eit par år til før eg innser at den like greit kan forkastast for godt. Det er forskjel på folk her i verda