Redesign: Farmor sin kjole goes hip

Farmorkjole svart

Mi gode, gamle farmor får fine innfall av og til. Siste nytt er at ho kom på at eg kanskje kunne gjere meg nytte av nokre kjolar ho har hatt hengande ei stund. Ho var heilt med på ideen om å endre på plagga, og i dag tok eg mot til meg og klipte i denne. Først tenkte eg at eg berre ville ta vekk overdelen og lage eit skjørt, men eg endte opp med eit plagg som kan brukast både som skjørt og som topp! Eg vil nok helst bruke den slik:

farmortunika

Volia! Splitter ny festtopp på null komma niks! Og det kosta meg ikkje ei krone. Men som du kanskje kan sjå så er den nokså tynn og gjennomsiktig, så eg vurderar å sy eit slags fôr, evt. skaffe meg ein tynn tubetopp til å ha under. Silkebandet hadde eg liggande, og kom endeleg til nytte.

farmortopp bak

Då eg var ferdig med denne, kasta eg meg over ein fantastisk, blågrøn retrokjole som kjem ifrå ei bestemor på Sunnmøre. Den skal de få sjå seinare, for den var litt meir krevjande å justere på og eg er ikkje sikker på om eg er heilt ferdig endå.

5 kommentarar to this post.

  1. Så smart! Den ble jo kjempefin!!!

    Svar

  2. Så fantastisk fiiiin den blei!!!!! Skikkelig kul:-)

    Der gav du meg faktisk ein skikkelig god idè…hmmm! Spørs om eg må ta meg ein tur bort til bruktbutikken og sjå kva dei har. Magen min har tatt skikkelig sats dei siste vekene, noko som har resultert i at eg slit med antrekket til det bryllupet vi skal i til helga.. Har eitpar i nøden som eg får att glidelåsen på, men dei var ikkje akkurat kledelege.

    Om eg ikkje får ordna det til helga, skal vi i eit bryllup til i august, der eg er endå meir bekymra for outfit-en! Har du festa den med stikk oppe?

    Gler meg til å sjå den neste kreasjonen! Ha ein fin dag!

    Svar

  3. Tente heilt på idèen din og var på gjenbruktbutikken samme dagen. Fann ikkje noko så fargerikt og fint som kjolen til farmora di, men kjøpte ein kjole i samme fasong og har sydd den om til ein kjole som rekk ned til knea.

    I morgon skal eg gå i bryllup med omsydd kjole til 50 kr! (Vart litt meir med knappar, ny glidelås og underskjørt, men eg har ikkje akkurat gått konk:-) )

    Tusen takk for idèen igjen! Ha ei fin helg!

    Svar

  4. Den ble kjempeflott !!!

    Svar

Svar på denne posten