Ferie og tapas

Eg har ferie! No går turen til Barcelona og eg gler meg veldig! Min kjære og eg skal kose oss som turistar i varmare strøk i ei lita veke, og forhåpentligvis oppleve masse kjekt. Stikkord: spennande arkitektur, tapas og vin, strandpromenade, shopping, kunstmuseum, folkeliv…Dette må jo berre bli deilig!

Som den tapaselskande personen eg er har eg forsøkt meg på heimelaga variantar nokre gongar i vår. Resultatet har utelukkande vore bra! Her er eit bilete av buffeten som vart laga då eg var med og arrangerte utdrikkingslag for nokre veker sidan:

tapasbord

Her var det mykje godt å velge mellom, og tilbakemeldingane var til å bli stolte av. Team-tapas var godt fornøgde med seg sjølve etter denne kvelden:). Eg er dessutan veldig glad for at eg fekk stifte nærare bekjentskap med hummusdip den helga (og den påfølgande veka då restane frå den  tredoble porsjonen stod i kjøleskapet mitt og frista). Så enkelt å lage og så godt! Dessutan veldig sunt. Supert som dip til grønsaker, tortillachips, kjeks, brød. Eller som “smør” på brød under kjøttpålegg. Eg brukte det til og med tom tilbehør til fiskepinnar og potetstappe! Som venninna mi (og hummus-inspiratoren) sa: “Hummus er den nye poteta!”. Om du ser på biletet over så er hummusen i den artige skåla med lilla, grå og svarte prikkar. Er du redd for å lukte kvitløk, bør du halde deg langt unna, men her er ei oppskrift til dei som vil prøve:

HUMMUSOPPSKRIFT

  • 1 boks hermetiske kikerter à 240 g
  • Saften av 1 stk liten sitron
  • 2 båt hvitløk
  • ½ ts salt
  • ½ dl olje
  • 2 stilk bladpersille

Slik gjør du:

1. Ha kikertene i en foodprocessor sammen med ferskpresset sitronsaft, hvitløk, salt og olje.

2. Tilsett persille helt på slutten så ikke massen blir lysegrønn. Hummusen skal ha en myk konsistens og den serveres ofte på en flat tallerken.

Ei tilbakemelding to this post.

  1. Mmm.. dette såg veldig godt ut! :D Håpar dokke kosar dokke i Barcelona! Gledar meg til å høyre korleis det var! Så håpar eg vi snart sjåast. Klem

    Svar

Svar på denne posten