Fredag til laurdag låg eg i telt. Drog med meg mannen og veslesøs og fekk testa ut det nye 4-mannsteltet vårt. Som viste seg å vere passeleg for 3 vaksne personar som er glade i kvarandre. Og det er vi jo, så vi hadde det rett så triveleg. Fiska gjorde vi, men det vart lite fangst. Elles kan eg nevne yatzy, mat frå primus, blåbær, lesing og sjokolade. Slikt som høyrer turlivet til. Vi hadde med radio, så vi fekk til og med høyrt handballkampen der Noreg tok OL-gull. Eg tør å påstå at vi hadde ein finfin tur alle tre.
- Ser ikkje mannen harmonisk ut der han står i solnedgangen og får bedrive favorittaktiviteten?

Posted by Anna on 25/08/2008 at 12:49 pm
Eg byrja faktisk å klø då eg leste posten din, for eg såg for meg (utan at du har nevnt det med eit ord) masse “smikka” (knott).
Eg trur forbindelsen telt–>kløe kjem av ein telttur på vidaregåande, der HØG konsentrasjon av det overnevnte holdt på å få samtlige til å mista besinnelsen.
Det var ei lang natt…
Men for å komma til poenget; dette såg svært idyllisk ut! Om ein ikkje vert harmonisk i sånne omgjevnadar, så vert ein det nok aldri..
Posted by Kristine on 25/08/2008 at 9:20 pm
Hehe…Der var ein og anna knott, ja. Men mannen var klok og hadde med to mygghattar – til stor hjelp for oss jentene…Myggen bit ikkje på S. likevel. Likar eg å tru…