Bokstaveleg talt. No er det bæra begynt å bli modne rundt omkring, og det har eg tenkt å nyte godt av. Søndag var eg på moltejakt, og klarte iallefall å plukke nok til å glede farmor. Med utsagnet “molte er det BESTE eg får!” la ho inn gode aksjar då eg fortalte at eg hadde tenkt å ta meg ein bærtur. Men i går var det blåbæra som stod i fokus då eg og M. brukte formiddagen ute i skog og mark. Bærplukking høver godt for multitasking (finst det noko godt nynorsk ord så tips meg gjerne!), vi fekk iallefall kombinert lett trim, frisk luft, skravling og matauk. Samt eksponeringsterapi dersom ein skulle vere litt redd for småkryp, slangar og spindelvev. Resultatet vart ca 7 liter bær, eller 2,8 kg om du vil. Dette skal no bli saft! Sidan vi er heilt grønne på dette området har vi konferert med svigermor, som er eksperten når det kjem til slike husmoroppgåver. Ho la inn oppskrift i kommentaren på forrige innlegg. Eg tek den med her også, i tilfelle du skulle bli inspirert til å prøve det samme:
Oppskrift på rå blåbærsaft!
3 kg.bær
3 liter vatn
5-6 kg.sukker
50 gr.vinsyre/sitronsyre
Bland UKNUSTE bær, vatn, sukker og vinsyre i eit stort kar.
Rør om til sukkeret er oppløyst. Lat dette stå kaldt(kjølerom ) i 14 dg.,rørast om ein gong pr.dag.
Silast opp, uten å presse/knuse bæra, haast på reine flasker.
Lykke til!
Eg er jo ein relativt utolmodig person, iallefall når det kjem til ting eg lagar, så 14 dagar for å vente på resultatet er litt i lengste laget for meg. Men den som ventar på noko godt…Fortsettelse følger!



Posted by Inger Lise on 07/08/2008 at 11:28 am
Spendt på å smake til helga! Vi gler oss!