No er eg heime igjen frå ei god veke på Sunnmøre. Vi har vore maks heldige med ferien så langt. Deilig ver, trivelege turar, kjekke folk å vere med, masse god mat…På bildet over ser du Kjerringtinden, sett frå vindauget på hytta til svigers. Legg merke til hjertesnøen!
No nærmar det seg slutten på 4 kjappe ferieveker, og det er i grunnen heilt i orden med litt regnver. For det betyr FORMINGSTID!
Dei som kjenner meg veit at eg brukar å bli litt rastlaus når eg er vekke heimanifrå ei stund, for strikketøyet dekker som regel ikkje formingsbehova. Difor er det godt at eg har nokre fridagar igjen før eg skal tilbake på jobb. Men eg kosar meg best når eg har gjort noko “fornuftig” først, så i dag har eg støvsugd huset, vaska kle, baka rundstykker, servert lunsj til to stk småbarnsfamiliar, sydd to handlenett, gjort ferdig ein gensar, sett kjekke ting på TV, samt skrive innlegg på bloggen. Det einaste som manglar på lista er ein rusletur, men eg kan vel kanskje skylde på veret? Dei neste dagane syns eg at eg med godt samvet kan la meg rive med dersom skapartrangen kjem over meg.
I mellomtida kan hobbyinteresserte lesarar ta ein kikk på litt av det eg har laga til mannen sitt scrapbookalbum. Han fekk det tidlegare i år, i anledning ein av merkedagane våre. Syns det er vanskeleg å vite kva for ein dag ein skal sette høgast; bli-sammen-dagen, forlovelsesdagen eller bryllaupsdagen. Alle er viktige, men ein kan jo ikkje drive og feire alt mulig. Eigentleg syns eg vel det er det vi gjer i kvardagen som er viktigast. Det er jo tross alt kvardagar det er flest av. Då kan det vere kjekt å ha eit album som kan bringe fram gode minner frå store og små hendingar.





Fine scrapbookingsider! Har hatt plana om eit slikt album sjølv, men får ta det på sikt..
Skal sei du er effektiv! Litt av ei liste med fornuftige ting du hadde klart å gjort på ein dag!! No kan du verkeleg nyte kreative dagar med god samvittighet. Kos deg masse! Gler meg til å sjå kva du tryller fram:-)
Oppskrift på rå blåbærsaft!
3 kg.bær
3 liter vatn
5-6 kg.sukker
50 gr.vinsyre/sitronsyre
Bland UKNUSTE bær, vatn, sukker og vinsyre i eit stort kar.
Rør om til sukkeret er oppløyst. Lat dette stå kaldt(kjølerom ) i 14 dg.,rørast om ein gong pr.dag.
Silast opp, uten å presse/knuse bæra, haast på reine flasker.
Lykke til!
Ein augneblink tykte eg det stod formeiringstid.
Den blåbærsaftoppskrifta er det faktisk eg som har skaffa
Ikkje kvar dag eg kan skryte på meg noko slikt
Ville berre nytte høvet her på bloggen til å gratulere deg så mykje med dagen!
Håpar du nyt fineveiret og ferien elles! Klem