Åh, så deilig det var å vere turist i København! Definitivt på topp3-lista over europeiske storbyar vi har besøkt. Stort utvalg av attraksjonar (museum, galleri, zoo, Tivoli…), behageleg ver, fin arkitektur, goood mat, bra kollektivtransport, trivelige gågater, spennande shopping, hyggelige folk and so on, and so on…Ny tur står allereie på ønskelista. Her er nokre glimt frå dyrehagen (kven har sagt at ein må ha med barn for å ha det moro i zoo?):


For dei hobbyinteresserte har eg lagt inn nye kort i galleriet. Det blir lite handarbeid for tida, feriering og fint ver kjem faktisk i første rekke hos meg også. Sjølv om eg kjenner behovet når det går for mange dagar utan at eg får laga noko. Men eg har liggande ein del saker og ting eg ikkje har vist fram endå, så det kjem nok nokre drypp i ny og ne.



