Nok ein gong avslører eg meg sjølv…Rolege nattevakter innbyr til både blogglesing og -skriving. Og i løpet av ei nattevaktshelg blir det som regel litt tid til både det eine og det andre. Ein ting eg fekk lyst å dele med fleire (etter å ha lest i bloggen til Andreas), er den gode, gamle kroneautomaten. No riktignok i elektronisk format, men fortsatt sjarmerande. Til tross for at eg er motstandar av speleautomatar, vekker denne gode minne. Dessutan var det ein finfin, simpel nattevaktsaktivitet. Om du vil spele, kan du gjere det her.

Og til dei av mine lesarar som kikkar innom fordi dette eigentleg skulle vere ein hobbyblogg; stay tuned for more happy days…Eg har ikkje hatt tid til noko særleg kreativ aktivitet i det siste, men etter nattevaktshelga (og ikkje minst tradisjonsbakstkvelden eg skal ha mandag i lag med Fia og M!) blir det forhåpentlegvis rom for litt symaskintid. Eg går med masse idear, og bloggsurfinga gir stadig input i idèbanken. Skulle gjerne sydd fleire vesker, kanskje ein kjole/tunika til meg sjølv, smekker, koseklutar, toalettmapper…Dessutan skal eg på kortkveld med jobbgjengen i løpet av veka, og sjølv om det ikkje brukar å resultere i meir enn toppen to kort, så pleier eg å få ein oppsving på kortlagingsfronten i etterkant av slike kveldar. I mellomtida må eg nøye meg med litt nattevaktsstrikking. På pinnane har eg ein nyleg påbegynt rullegenser frå boka Nøstebarn. Går for størrelse to år, for då har eg goood tid til å bli ferdig før mine eventuelle mottakarar skulle finne på å bli for store.
Og vips så har eg teikna eit nytt abonnement på bladet Kreative Kvinner. Eg har ein farleg tendens til å bestille saker og ting når eg jobbar om natta og synest eg fortenar både det eine og det andre…Dette infallet gjer heldigvis ikkje noko stort innhogg i økonomien. No gler eg meg til å få inspirasjon i bladformat igjen!

Eg veit ikkje om eg kan vere til så mykjer hjelp på klessyingsfronten. Eg gjer det enten berre sånn som det står, eller så prøver (og feilar!) eg… Det går stort sett sånn nogenlunde bra, du klarar deg sikkert finfint! (Det er sjølvsagt berre å spørre om det er noko du trur eg kan hjelpe med.)
Hei
likar meg inne på bloggen din
du er kreativ og flink!! ekstra kjekt å lesa nynorsk!! stå på!! klem frå fru dings
Hei søss! Må sei eg digga automaten
Hehe…Det er madammen som pleier bli hekta på flash-spel, men den der likte eg. Den som laga det, må ha brukt ei god stund på å få det såpass autentisk. Det er jo minst like vanskeleg også