Tirsdag fekk eg ein stor konvolutt i posten. Den hadde reist heile vegen frå Danmark for å havne i mi postkasse og gjere meg glad! Inni var premien eg hadde venta frå konkurransen til Sarah; eit kjempefint kengurustempel eg ser for meg at eg kjem til å bruke masse. Her har eg forsøkt å fargelegge med vannmaling, med eit nokså diskutabelt utfall…
Snille Sarah hadde også sendt meg nokre fargerike papirblomster og ein bunke med stempelavtrykk! Ein riktig skatt for stempelentusiastar som meg. Sjå dei fine motiva -dei er ikkje er lette å få tak i. Eg gledar meg til å fargelegge og lage kort av dei!
Prikken over i’en var eit kort ho har laga sjølv. Eg er kjempefan av Sarah sine kort, og dette skal få henge på kjøleskapet lenge…Tusen takk, Sarah! You made my day
Eg beklagar dei dårlege blitzbildene, men eg har ikkje fått tatt bilder på dagtid…




Posted by Åse Marit on 05/06/2008 at 11:23 pm
Veldig skjønt kengerustempel og flotte avtrykk! Dei Magnolia- figurane er berre kjempefine..Fekk lyst å lage kort igjen, gjorde det mykje før, men no blir det mest scrapbooking. Spørs om det blir ein kortrunde på meg..når regnet kjem:-)