Eg har sydd…

Her er eit av handlenetta eg har laga. Har visst gløymt å ta bilde av dei andre, men kanskje dei kjem i eit seinare innlegg. Det lyse stoffet er ei avklipt gardin, som vel kan kallast gjenbruk? Teksten har eg trykt på med skumstempel og tekstilmaling. Enkelt og greit. Størrelsen er omlag som ein vanleg bærepose frå butikk, og nettet er testa i bruk og godkjent. No har eg også gått til innkjøp av tynne avfallsposar som er lettare for naturen å bryte ned. Er spent på kor mykje dei toler, for det er jo litt kjedeleg viss vi må ta ut bosset før posen er halvfull fordi den revnar når den blir for full. Men eg har trua! Dersom du vil sjå andre småting eg har sydd i det siste kan du trykke her.

4 Svar to “Eg har sydd…”


  1. 1 Anna 26/05/2008 ved 4:26 pm

    Å, så fint handlenett! (som alt anna her på bloggen)
    Eg e heilt øvejidde øve alt du klara å produsera! :) Gid eg hadde litt av di skaparevne…

  2. 2 Irene 27/05/2008 ved 8:56 am

    Så mye fint, jeg vil også lære å sy! Flott blogg du har, takk for titten.

  3. 3 Sandra 27/05/2008 ved 3:47 pm

    det var et utrolig profft handlenett! kjempestilig!

  4. 4 Sarah 28/05/2008 ved 11:53 am

    Fin taske*/pose du har lavet. Bogstaverne er rigtig flotte.
    Posten skulle være på vej med din præmie…


Legg att eit svar




Ting som gjer meg glad:

Sol, sjokolade, fargar, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, reint sengetøy, gaveinnpakking, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, markblomster, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

RSS BO

RSS Innetid

Mine bilete i Flickr

Pottetrening

More Photos

Besøkande

  • 23,935 nysgjerrige