Pakke i posten!

Tirsdag fekk eg ein stor konvolutt i posten. Den hadde reist heile vegen frå Danmark for å havne i mi postkasse og gjere meg glad! Inni var premien eg hadde venta frå konkurransen til Sarah; eit kjempefint kengurustempel eg ser for meg at eg kjem til å bruke masse. Her har eg forsøkt å fargelegge [...]

Eg har sydd…

Her er eit av handlenetta eg har laga. Har visst gløymt å ta bilde av dei andre, men kanskje dei kjem i eit seinare innlegg. Det lyse stoffet er ei avklipt gardin, som vel kan kallast gjenbruk? Teksten har eg trykt på med skumstempel og tekstilmaling. Enkelt og greit. Størrelsen er omlag som ein vanleg [...]

Sjå så søte dei er!

Desse har eg lyst å lage ein gong. Bildet har eg knabba frå Poppyfield, som har mønsteret. Desse er str. 6-9 mnd. Ser for meg at dette kan bli ei julegåve

Idèoppsamling

Berre for å gjere det klart med ein gong; det er ikkje eg som har laga denne flotte kalenderen. Men eg skulle ønske det var meg! Ein slik kalender skulle eg gjerne hengt på kjøkkenveggen min. Nattevaktshelg med lite å gjere på jobb betyr mykje blogglesing på meg. Sånt kan vi like. I løpet av [...]

Kvardagar er vel ikkje så verst dei heller

Etter ei deilig ferieveke på Kreta var det igrunnen heilt ok å komme heim. Sjølv om eg likar å reise og er veldig glad i å ha fri, så syns eg likevel kvardagane er ganske bra. Borte bra, men heime best? Det er noko med å ha alt det vante rundt seg; å ete den [...]

Sydenfryden

Om nokon synest det skjer lite paa bloggen for tida, saa har det si naturlege forklaring. Er paa Kreta med familien og lever late dagar. Veret er skiftande, men heilt akseptabelt: brunfargen kjem snikande og vi slepp aa svette for mykje. I kveld tek eg med mannen paa kjaerstemiddag, han har nemleg bursdag. Spennande gaver [...]

Aprilgåve

Nok eit strikkepinneetui, denne gongen ei gåve til Sissel som hadde bursdag i april. Håpar du får bruk for det!