
No har pjokken til AS og R komt heim frå sjukehuset og har fått det nye teppet sitt. Då må det jo få ein plass på bloggen. Takk til mamma for god hjelp undervegs. Eg er langt unna hennar nivå når det kjem til quilting, men det er kjekt å leike seg litt med lappar! Og eg syns eg klarte meg ganske bra sjølv denne gangen. Neste gang klarar eg kanskje alt sjølv?
Interessa mi for å sy har tatt seg betrakteleg opp sidan eg kjøpte ny symaskin for eit halvt år sidan. Før syntest eg det var litt ork å sette i gang med eit syprosjekt, men no går det mykje lettare. Det hjelp sjølvsagt også å ha meir boltreplass til klipping av stoff og måling og sånt, pluss at eg får lov å ha symaskina i stova. Enn so lenge…Det har i det siste komt litt klagar i frå ein viss mann i huset. “Det er nesten like ille som motorsaga til naboen. Men berre nesten.”
I tida framover har eg tenkt å sy handlenett. Det er jo temmelig i vinden å droppe plastposen til fordel for tøynett, så eg kastar meg på bølga og håpar vi klarar å få ned plastforbruket. Eit riktig miljøvennleg handlenett bør jo lagast av gjenbruksstoff, så då får eg kanskje brukt opp litt av det eg har samla dei siste åra. Avklipte gardiner frå Ikea, loppemarkedfunn og gamle skjorter skal no få sin renessanse. Men eg har tenkt på ein ting. Dei som droppar plastposen heilt og fullt, kva har dei i søppelspanna sine? Finst det miljøvennlege avfallsposar å få kjøpt? Eg undrar…

Hehe…ja, si det:)
Plastikken kan vel ikke unnværes alltid, men selvsydde handlenett er genialt likevel:)
Teppet ble kjempeflott!
For ett nyyyyyydelig teppe!!!
Jeg er utrolig imponert!
For ett arbeid!
Du er megaflink!!
Så fint teppe, veldig kjekk ting å få til en nyfødt baby. Gøy når man får det til, og det er en spennende teknikk å utforske videre. Lykke til med neste prosjekt!
Väldigt vackert täcke! Very beautiful quilt – well done!