Og litt til kort…

Er stadig innom forumet på Hobbyboden og hentar inspirasjon. Denne gangen kasta eg meg på ei utfordring frå Elin, som ville ha oss til å lage “Tag-kort”. Bilda under viser det første eg lagde. Det var så kjekt å lage at eg har laga opptil fleire stykke etterpå. Vil ikkje vise alle for dei skal [...]

Kort i hodet

 

Dei siste dagane har mykje av fritida mi gått med til papirhobby. Torsdag var det kortkveld med jobbgjengen og søndag scrappedag hos AS. Og så blei det litt tilleggsproduksjon heime søndag kveld…Det er ei stund sidan sist eg lagde kort, og med komande konfirmasjonar og bursdagar passa det godt å ta ei økt no. Sidan [...]

Til ettertanke…

…i desse miljøtider. Eg har jo produsert ein del handlenett i det siste. Riktignok av stoffrestar og gamle gardiner, men eg hadde ikkje tenkt på problemstillinga som blir tatt opp i Aftenbladet. Og der fekk eg endeleg svar på kva ein bør gjere for å finne alternativ til søppelposen.
God helg alle sammen! Eg jobbar, strikkar, syr [...]

Siste scrap

To nye sider til mamma og pappa sitt album, i anledning pappa sin bursdag. Påskebilder denne gangen, laga i siste liten, så det vart enkelt og lite ekstra dill. Men det kan vel kanskje vere like greit av og til?

 
 
 
 

Blogg i endring

Som dei trufaste lesarane allereie har skjønt, så likar eg å skifte design på bloggen min i ny og ne. Har endå ikkje funne den ultimate layouten. Har sansen for denne grønne eg aktiverte i dag, for det er så mange fargelause bloggar der ute og eg er i grunnen veldig glad i fargar. Men [...]

Fotomoro

Fotomoro med lillesøster V. Vi hadde ein knakande kjekk tur i skogen i ettermiddag. Bileta talar vel for seg sjølve…Dette må vi gjenta!

Bryllupshelg

Så var vi heime igjen etter ei deilig langhelg på farten. Har vore på tantebesøk på østlandet og i bryllup på sørlandet. Veldig koselig alt sammen. Tenkte eg skulle vise noko av det eg har sysla med før bryllupet. Eg fekk i oppdrag å lage bordkort til ca 90 gjestar, og tok utgangspunkt i ei [...]

Something old, something new

Sjå desse herlege damene eg kom over på bruktbutikken i helga. Var dei ikkje morsomme, kanskje? Eg syntest iallefall at dei var verdt 10 kroner og har plassert dei i kjøkkenhylla. Om nokon kan russisk vil eg gjerne ha ei oversetting på det som står på kona i midten. Vill gjetting får meg til å [...]

Gleden over nytt materiale

Gjekk forbi ein sybutikk her om dagen. Ein heilt ordinær (les:kjedeleg) butikk som ikkje brukar å fange mi interesse. Det som var spesielt denne dagen var at der stod eit stativ ved inngangen merka med “Kr 30″. Slikt trekker meg som ein magnet…Og som somme har forstått er eg ein mester i å kjøpe ting og tang fordi [...]

Leiketeppe, krabbeteppe, sengeteppe..?

No har pjokken til AS og R komt heim frå sjukehuset og har fått det nye teppet sitt. Då må det jo få ein plass på bloggen. Takk til mamma for god hjelp undervegs. Eg er langt unna hennar nivå når det kjem til quilting, men det er kjekt å leike seg litt med lappar! Og eg syns [...]