Nøstebarn

img_0618.jpg

Eg har blitt bitt av strikkebasillen. Har aldri vore nokon voldsom racer på pinnane, men har jo hatt mine småprosjekt, stort sett i form av tøflar, vottar og huer. Det syner igjen i  strikkesakene mine…Men så fekk eg anledning i å kikke i denne boka som ein kollega av meg hadde, og blei heilt forelska. Den er full av fine strikkeplagg til barn (og litt til voksne) i enkle modellar og med oppskrifter som ser overkommelege ut for sånne som meg. Ergo blei denne sett på innkjøpslista ganske raskt. Så i staden for å kjøpe billige, halvinteressante bøker på mammutsalg, valde eg å unne meg denne. Plagga i boka er klassiske og kjem aldri til å gå ut på dato, så eg ser det som ei rimeleg investering. Eg gler meg til å ta den i bruk!

Under ser du ei ny venninne av meg, frøken dings. Er ho ikkje fin på håret? Ideen tok eg frå Hendes Verden.

img_0606.jpg

 

img_0608.jpg

 

1 Tilbakemelding to “Nøstebarn”


  1. 1 Annette 08/03/2008 ved 1:33 pm

    Ja, har hørt at den boka skal være en klassiker, for de som kan å strikke:)
    Frk. Dings var så kul, praktisk og søt!!!


Legg att eit svar




Ting som gjer meg glad:

Sol, sjokolade, fargar, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, reint sengetøy, gaveinnpakking, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, markblomster, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

RSS BO

RSS Innetid

Mine bilete i Flickr

Pottetrening

More Photos

Besøkande

  • 23,935 nysgjerrige