Retroveske

Veske retromønster

Her er veske nummer to i år. Samme mønster som sist, funne i Kreative Kvinner. Eg falt for det retroaktige stoffet, og prisen var upåklagelig. Salg på Jysk…Eg likar salg :) Foret er einsfarga raudt, og i denne veska har eg laga ei lita innerlomme. Kjekt å ha nøklane og mobilen lett tilgjengelig. Eg har også sett i ein trykknapp øverst, av praktiske grunnar.

Kjekt å kunne blogge når ein er på jobb. No er det vel strengt tatt ikkje noko eg burde offentleggjere, men pytt sann. Rolege nattevakter har blitt mykje kjekkare etter at eg oppdaga bloggverda. Timane går fortare når ein kan sitte og suge til seg inspirasjon frå andre sine prosjekt. Takk til alle dåkke gode bloggarar!

7 Svar to “Retroveske”


  1. 1 syglad 01/03/2008 ved 7:57 am

    Vesken ble tøff, slik har jeg sydd også, fant mønster i Kreativ..
    Masse flott i bloggen din, Ha en fin helg :-)

  2. 3 Sissel 03/03/2008 ved 11:10 am

    Veska var skikkelig fin! :) Takk for oppbyggande kommentarar på bloggen min. No synger oppgåva på siste verset, i alle fall tida – ikkje at eg på nokon måte er ferdig med stoffet! Skal i alle fall verte utrulig godt å levere den på fredag.

    Gledar meg veldig til påske no! Satsar på det vert nokre fineveirsdagar på setra saman med dokke. Ser for meg ski og strikking. Ha ei fin veke!

  3. 4 Kristine 03/03/2008 ved 9:35 pm

    Kjekt at andre enn eg også likte denne veska. Den havnar nemlig i gaveskapet, i påvente av ein eller anna bursdag. Har sett meg ut nokre potensielle mottakkarar, men tida vil vise kor den endar opp!

  4. 5 Krusedull 03/03/2008 ved 10:31 pm

    Hei! For en inspirerende blogg! Synes “brette-veskene” var helt fantastiske, så det må jeg prøve meg på snart! Fikk også veldig lyst til å lage slike søte tøfler, og noe med photopapiret! Takk for at du deler slike herlige saker! veldig flott retroveske også! Her kommer jeg innom igjen! ; ) K

  5. 6 Annette 03/03/2008 ved 11:31 pm

    Oi, den var skikkelig tøff!

  6. 7 Anna Helen 05/03/2008 ved 2:16 pm

    Wow, kjempefin veske! Eg kikkar innom her av og til, og må sei du har fått ein veldig fin blogg! Eg får nesten lyst å blogga sjølv.. (usikker på kva den skulle ha handla om då men)

    Eg er veldig fornøyd med hua, forresten! Me snakkast vel sikkert snart :)
    *Klem*


Legg att eit svar




Ting som gjer meg glad:

Sol, sjokolade, fargar, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, reint sengetøy, gaveinnpakking, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, markblomster, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

RSS BO

RSS Innetid

Mine bilete i Flickr

Pottetrening

More Photos

Besøkande

  • 23,935 nysgjerrige