I anledning mamma sin bursdag måtte eg jo scrappe litt. Ho og pappa fekk eit halvfullt album til jul som skal fyllast på med jamne mellomrom. Eg kom ikkje på å ta bilder før eg var på veg ut døra, så kvaliteten er så som så…Bursdagskortet er havna i kortgalleriet. Eit nytt tøflepar er dessuten lagt ut i strikkesakene.
Og så må eg berre vise fram denne herligheten av ei oppbevaringsveske som eg har organisert scrappesakene mine i. Fekk den denne veka, og har konkludert med at det var ein fantastisk ting å få i hus. Den rommar (nesten) ALT! No slepp eg å ha alle dei små dilletinga litt sånn her og der, og i tillegg kan eg lett reise på besøk til andre kreative og samtidig ha orden på det eg har med meg. Klar for ein ny kortkveld anyone? Kjenner det er på tide å prøve å samle jobbgjengen for litt inspirasjonsdeling.


Synne stiller i nydelig Kristinekreasjon i barnehagen i morgen på bursdagen sin. Nå passer hun endelig kjolen, og mamman er glad og lykkelig for retroinspirertdesign:) Mulig for meg å publisere bilde her på bloggen din om K får tatt i morgen tidlig? Syns den absolutt bør få sin plass her inne:)
Kjekt å høyre at kjolen kan brukast! Den var jo tross alt sydd på måfå i begeistring over å ha fått ny symaskin…Send meg eit bilde, så kan eg legge det ut. Gratulerer med overstått 2-år-som-mamma-dag!