…kall det kva du vil. Eg har iallefall funne ein kjekk ting å lage! Det starta med at eg lagde ei slik mappe til toalettsaker til V sin bursdag, og no har det balla på seg. Dette er midt i blinken for meg av den enkle grunn at det er fort gjort å lage, men likevel ser bra ut. Dessuten er det er ein fin gaveide. Kanskje kan nybakte foreldre bruke ein slik til bleier og salver når dei skal på tur? Eller den kan henge på veggen på barnerommet og romme små leikar eller sokkar eller andre småting. Den kan også stå for eksempel i ei hylle. Eg har berre klipt og sydd på måfå, her finst inga oppskrift.


Hihi…ja, hva skal man kalle dem? Uansett så var dine kjempeflotte!