Så var den helga over

Fløysvingane

Har vore ein tur i gamlebyen min Bergen denne helga. Heldige omstendigheter gjorde at eg fekk reise dit tidleg på torsdagen, og uheldige omstendigheter ville ha meg heim att laurdag i staden for søndag. Men eg føler at eg fekk nytta tida godt. Eg kan nevne byvandring i solskinn, småshopping av hobbyvarer, spel og fanteri hos min kjære bror (Nintendo Wee viser at store gutar leikar best),  tur på Fløyen i godver, deilig middag med godt selskap på Zupperia og gjensynsglede med gamle kollegaer i Dyvekes vinkjeller. Men så kom noko som sannsynlegvis er eit harmlaust, men plagsomt virus inn i kroppen min og sette meg litt ut. Vondt i hovud, skulder, kne og tå + mageknip og småkvalme = småsjuk. Og det er ikkje så kjekt å vere gjest når ein ikkje er i form, så difor kom eg altså heim litt tidlegare enn planlagt. I dag er formen på stedet hvil, og no ventar eg på at mannen skal komme heim frå Oslo. Reknar med at gjensynsgleda gjer meg fort frisk og klar for ei ny 6 dagers arbeidsveke.

Om du tek ein kikk i strikkesakene mine til høgre, så finn du bilete av nokre sjarmerande babytøflar eg har klart å sette i hop siste veka.

2 kommentarar to this post.

  1. Det var synd du fekk vere i Bergen så kort denne gongen, vi får ta igjen eit møte neste gong du kjem! Og så må du ha god bedring! Helsar deg med ein slager av ein song; Jan Teigen med “Bli bra igjen” ;) klem

    Svar

  2. Takk Sissel:) Eg hadde tenkt å høyre med deg om vi skulle treffast søndagen, men det får bli ein anna gong. Vi sjåast vel uansett i påska og det er jo ikkje so lenge til! Klem tilbake

    Svar

Svar på denne posten