Årets første veske…

Veske crazymønster

 

…blir definitivt ikkje den siste. Her har eg brukt ei oppskrift frå Kreative Kvinner. Den var lettfattelig, heldigvis for sånne som meg som ikkje er vant til å lage noko etter mønster. Det skal eigentleg vere magnetlås på veska, men eg syns den var så dyr at eg vil finne ut om eg likar veska før eg syr den på…Usikker på stoffvalget. Neste veske blir i eit heilt anna stoff.

Skulle ønske eg tok bilde av puta som veslesøster M lagde i går, for den blei skikkelig fin. Eg hjalp ho litt med bursdagsgave til V som fylte 13 denne veka. Det blei pute med bilde på, i svart/kvite tonar. Skal matche soverommet som er under oppussing. Eg var heller ikkje lur nok til å ta bilde av toalettmappa eg lagde til det same bursdagsbarnet. Den blei i grunnen ganske kul. Trykte navnet hennar med tekstilmaling og skumstempel og sydde dette på eit blomstrete bakgrunnsstoff. Fora med knallgrønt einsfarga stoff, og lagde knappelukking med ein stor knapp. Veldig glad i knappar om dagen…Ikkje lett å forklare fasongen, men det blei på ein måte ein pose som må brettast og knappast for lukking, og med flat (sokalla falsk) botn? Trur eg må få tatt bilde, for eg syns ideen var enkel og god…

Ramme

Her er ein idè eg lovde å vise S på jobben. Det er noko eg lagde for mange år sidan, etter ein ide frå ei bok eg har som heiter “Ny vri – gammelt kan bli nytt”. (Dei som kjenner meg veit at eg er vokst opp med foreldre som er samlarar, og som likar gjenbruk. Ein kan vel seie at eg har arva denne interessa )Dette er ein ypperlig måte å gjenbruke samtidig som ein får eit interiørobjekt med unikt uttrykk. Det er ganske enkelt ei gammal ramme uten glas, ei papplate trekt med vatt og stoff, og ei skei og ein gaffel frå Fretex festa med lim.

6 kommentarar to this post.

  1. Oj, kjempetøff veske!

    Svar

  2. Kjempefin veske, og mye annet fint her og. Du har god smak. Det så så deilig ut med en skikkelig skitur, det savner jeg. Her bare regner det.
    Saga.

    Svar

  3. Hei! For ein fin blogg og flott veske! Er nokså ny her inne, men du er allerede inne som ein favoritt :) gler meg til å sjå kva du syr og scrappar! :) frå fru Dings

    Svar

  4. Så kjekt nokon likte veska. Er fortsatt berre halvfornøgd sjølv, men det er pga stoffvalget. Kanskje fordi vi har sofaputer i samme stoffet. Fasongen på veska er kul og praktisk, så eg har allerede laga ei til :)

    Svar

  5. Gratulerer med blogg og velkommen på Hobbyboden. Fin veske!
    Lisbeth

    Svar

  6. hei =) Rammen med bestikket var kjempehærlig! Jeg har gjort noe lignende selv for noen år tilbake. Jeg fant et eldgammelt putevar med broderte initialer på . Det var helt utslit så jeg klippet til en firkant rundt der det var brodert og rammet inn stasen. Kjempefint ble det =)

    Svar

Svar på denne posten