Velkommen velkommen! Denne stjerna hadde eg pynta i raudt og hengt opp i gangen før jul, og så syns eg det var litt leit å skulle ta den vekk no etter jula. Difor fann eg fram litt nøytralt band og hang opp ein lapp i midten, og vips, så hadde vi ei velkomststjerne rett innanfor inngangsdøra. Vart i grunnen ganske fornøgd sjølv. Men det er ein viss mann i huset som helst skulle sett den fjerna.”Dillete”, var vel hans ord…
Ellers går det ein del i scrapping om dagen. Eg har ein tendens til å gå inn i mi eiga verd når eg først set i gang med bilder, papir og pynt. Kjekt å leike med fargar. Og så er det noko spesielt med foto. Trur eg alltid har vore glad i bilder. Foreviga minner. Dei som kjenner meg veit at det blir knipsa ein del. Og det er jo ekstra kjekt å ta bilder når eg har eit album i sikte og kan tenke motiv ut ifrå scrapbook-idear.

Har nokre sy- og strikkeprosjekt på gang som eg gjerne skulle delt med dåkke, men det må vente til eg har gitt dei vekk. Eg syr på eit leiketeppe til baby, som eg skal gje til godaste AS og R når den vesle kjem til verda (ja, dei veit at eg jobbar med det:). Sjå under linken “sømmelig”, så kan du kikke på eit teppe eg lagde for to år sidan. Vanlegvis er eg ikkje typen til å sette i gang med slike langsiktige prosjekt, for eg blir fort utålmodig og må sjå resultat. Men dette berre kosar eg meg med. Det hjelp sjølvsagt at eg har andre småprosjekt på si, slik at eg får “ferdigstilt” noko i ny og ne. Scrappesider for eksempel.


Posted by Inger Lise on 04/02/2008 at 10:26 am
Gratulerer med ny blogg! Må seie eg har sakna den (for oss “fosilane” som ikkje er på facebook!) No kan ej følge med ka dokke styre med i Lia !
Posted by marte on 08/02/2008 at 3:21 pm
Då har eg endeleg komt meg inn på krisskross si kreakris-side. Imponert! skal tipse jørn, han e jo so imponert over alt du klara å lage! gleda meg til å få eige hus ein dag og verkeleg “flytte inn”, men då e vel faren at jørn syns det blir for mykje dill (j.f. sveinungkommentar:)